Støtte til skulen

Kvam Kristne Skule(KKS) er ein kristen friskule, og får ikkje same økonomiske støtte som offentlege skular. I tillegg til at KKS ikkje får støtte til skulelokale (husleige, rentekostnader, vedlikehald osb.), får me dessutan berre ca. 85 % av den støtta til drift som offentleg skule får, sjølv om me har like store utgifter til lønningar, pensjonar, læremateriell/-utstyr som den offentlege skulen har.

Skulen er avhengig av støttespelarar som kan tre til med praktisk dugnadsarbeid, aktuelt utstyr som kan nyttast på skulen og med økonomiske midlar. Me er difor svært glade for alle som ynskjer å støtte opp om skulen på ulikt vis.

Ynskjer du å støtte KKS med økonomisk midlar, er me svært takksame for det. Du kan då sende pengane til:

Kvam Kristne Skule
Dalatunvegen 136
5600 Norheimsund

Bankgiro: 3530 23 54748

Kvam Kristne Skule
Dalatunveien 136
5600 Norheimsund

Telefon: 56 56 46 50
E-post: post@kks.as