VIDAREGÅANDE SKULE
Godkjenning av vidaregåande studieretning !
kks.as,
20.05.09

I brev frå
Utdanningsdirektoratet fekk KKS melding om at tidlegare avslag på
søknad om vidaregåande studie-retning, Medier og kommunikasjon, no
er omgjort og at KKS har fått godkjenning !
KKS er tidlegare godkjend for grunnskule 1. - 10. med 65 elevar, og
får no utvida godkjenning for inntil 95 elevar inkludert
studieretning for Medier og kommunikasjon. Les pressemelding
...
Fylkesutvalet
positiv til KKS sin søknad om vidaregåande opplæring
kks.as, 04.12.08
Hordaland fylkeskommune hadde ingen innvendingar til søknaden frå
Kvam Kristne Skule om godkjenning som privatskule innan
vidaregåande utdanning, då Hordaland fylkesutval hadde sitt møte 4.
desember. Vedtaket vart gjort med ni (H, KrF, Frp, V) mot seks (Ap,
SV, Sp) røyster.
Dermed er ein viktig milepæl passert for KKS med tanke på å kunne tilby undervisning på vidaregåande opplæring innanfor studieretninga «media og kommunikasjon». Søknaden skal no behandlast vidare i direktoratet, men ut frå den godkjenninga som me fekk sommaren 2008 for KKS 1.-10, reknar me med at KKS tilfredsstiller dei krava som skal til for at me skal få godkjenning for å starte opp med vidaregåande opplæring.

