Pedagogisk satsing

KKS er med i den nasjonale satsing Vurdering for læring (Vfl) som Utdanningsdirektoratet har sett i gang i over halvparten av kommunane i landet. Me skal framover velje kva av dei fire grunnprinsippa i undervegsvurderinga me vil jobbe mest med. Dei fire prinsippa byggjer på kap 3 i forskrift til Privatskulelova;

Elevane skal
  • Forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.
  • Få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
  • Få råd om korleis dei kan forbetre seg.
  • Vere involvert i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og utvikling.
KKS skal i dette arbeidet ha nettverksmøte med andre privatskular i Hordaland, blant anna Danielsen Ungdomsskule i Bergen. Me vil leggje ut meir informasjon på denne sida etterkvart.

Ønskjer du å lese meir om Vurdering for læring, kan du lese på Utdanningsdirektoratet sine sider

Kvam Kristne Skule
Dalatunveien 136
5600 Norheimsund

Telefon: 56 56 46 50
E-post: post@kks.as

Rektor: Brit Gjerde Voster
Mobil: 906 00 946