Reisebrev i Hordaland folkeblad

Skuletur til Latvia



Ungdomsskuleelevane ved Kvam kristne skule reiste i slutten av september på tur til Latvia med direktefly frå Bergen til hovudstaden Riga. Mor og lærar, Vivita Zaurina, var hovudarrangøren bak turen og la ned mykje arbeid i å lage ein spanande og lærerik tur for oss. Veldig mange praktiske problem vart og løyst med å ha med ein ekte latviar.. For eksempel gjekk ting som leige av bilar og hytter mykje glattare enn det ville gjort om ingen av oss kunne snakke latvisk.



Etter omvisning i Riga drog me til hyttene me skulle overnatte i, til byen Valmiera, nordaust i Latvia. Hyttene var store og fine, og dette vart basen vår der me vendte tilbake til for å sove kvar kveld.



Me var i byar som Sigulda og Cesis og varierte med ulike aktivitetar kvar dag, som paintball, klatrepark med løype 15 meter over bakken, 20 meter høg strikkoppskyting, sandvolleyball, Europas nest største innendørs badeland, tivoli, Tv-tårn, Mc Donalds, shopping, hamburgersjapper og mykje meir. I løpet av dei fem dagane me var der, rakk me berre å betale ei bomavgift og ei parkeringsavgift (sentrum av Riga..)



Latvia er eit vakkert land, med fint vèr og fine haustfargar, med flotte strender, mange småbyar, og store elvar som feks Daugava. Ein kveld var me i ein latvisk heim og møtte ungdommar frå Latvia. Litt språkvanskar hadde me, men me hadde med eigne «tolkar». Engelsk kom og vel med. Det er i slike stunder ein ser kor kjekt det er å kunne snakke fleire språk!



Turen vart i hovudsak arrangert av foreldre og elevar i samarbeid med skulen, men at skuleturen vart lagt til Latvia, kan me takke dei latviske elevane og mora på skulen for! Me lærte mykje, opp­levde mykje og hadde ein super tur! Tusen takk!



Elevane.