NM på ski på Voss, januar 2012

Torsdag 26. januar var me på Voss for å heia på dei norske heltane våre. Utstyrt med heia-plakatar og godt humør trassa me veret og drog til stadion. Det var knytt store forventningar til dei mest kjende skiløparane Marit Bjørgen, Therese Johaug og Petter Northug, men dei levde ikkje opp til forventningane.. I tillegg til heiing langsmed skitraséane vart det nokre turar til og frå diverse bål for å varme seg. Me kunne og steike pinnebrød og stable vedkubbar, og til stor fascinasjon for elevane var det ein «sagemann» tilstades, som laga små stolar av trestammer berre ved å bruke ei motorsag! Ein flott, men kald dag!