Konsert i Grieghallen og russlandsdebatt.

Med ungdomsskulen på tur til Bergen

Datoen var 25.01.12 og målet var «byen mellom dei 7 fjell». Etter ein ordinær skuledag og ein og ein halv times køyretur var me klare for mat på Peppes pizza i sentrum. Der koste me oss i godt over ein time før me tok turen bort til Grieghallen, der me deltok på debatt og konsert arrangert av Studentersamfunnet i Bergen.

Me lærarane hadde lenge tenkt på å ta med ungdomsskuleelevane for å høyra Bergen Filharmoniske Orkester spela. Denne kvelden skulle dei spela Skjebnesymfonien av Beethoven, som er ein av dei mest kjende klassiske verka i historia. I forkant av det vart det arrangert ein debatt mellom NRK-korrespondent Hans Wilhelm Steinfeldt og professor ved UiB, Frank Aarebrot. Dei snakka om Russlands politikk, særleg med tanke på det komande valet i Russland. Ikkje alt var like relevant for elevane, og den litt dårlige lyden gjorde det ikkje enklare å få me seg det som vart sagt, men det var likevel læring i berre det å delta på eit sånt arrangement.

Etter ein forrykande avslutning på kvelden saman med Filharmonien bar det heimover til Norheimsund igjen med nye inntrykk i bagasjen
.

Av Lovise Arild

Bilete frå konserten ligg under Biletgalleri i venstremenyen.