Ungdomsskulen er på tur til Latvia denne veka

Avreise Latvia.jpg

Vivita og Vidar er turarrangørar, i tillegg er Steinar Langenes med. Elevane blir borte heile veka, kjem heim fredag kveld.

Biletet er frå Norheimsund kl 0330 i natt, Ruby frå Eikedalen vart teke opp på veg til Flesland, og er difor ikkje med på biletet.

Me skal leggje ut fleire bilete når dei er tilbake.

Me er godt i gang med skuleåret, og her er eit bilete av årets elevar:

Skulestarten 2011 003.jpg

Me hadde ein våt fjelltur på måndag..

det kjem bilete frå turen snart....

Me tek i mot nye elevar for prøveskule!

Ta kontakt med rektor 90600946

----------------------------------------------------

Sommar og tur til Eidfjord - stor trivselsfaktor!

Sima 124.jpg Sima 081.jpg
Sima 121.jpg Sima 084.jpg
Sima 116.jpg Sima 093.jpg


S

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------


---------------------------------------------------------------------------


Utedag, med skoghogst, flaskeinnsamling,
søppelplukking og fiksing av gjerde og port.

Veret viste seg frå si beste side, og me fekk rydda skog og greiner rundt Dalatun. Vidar hadde med motorsag og Daniel fiksa porten og gjerdet. 1.-4. klasse fann fleire sekkar med søppel rundt skulen og panta flasker for til saman 56 kroner. Pengane skal det snopast for når dei store er på mostraspeltur på fredag...

5. og 6. klasse laga pinnebrøddeig til pølsegrillinga, dermed var utelunsjen og sikra. Vilhelm hadde laga natursti, - og det beste laget vann..

utedag 1. juni 024.jpg utedag 1. juni 030.jpg
utedag 1. juni 029.jpg utedag 1. juni 035.jpg
utedag 1. juni 039.jpg utedag 1. juni 028.jpg

Ein fin vårdag på KKS

VÃ¥rdag 2010 001.jpg

VÃ¥rdag 2010 005.jpg

Rebeka har fått tandemsykkel! Tauhopping er kjekt, iallfall med to tau!
VÃ¥rdag 2010 007.jpg VÃ¥rdag 2010.jpg
Dei minste var ute i vårlufta medan andre gjorde lekser...


10. plass på skistafetten mellom barneskulane i Kvam er me godt nøgde med!

Irene, Nirina og Soa Lena representerte KKS, og sikra oss ein god 10. plass. 14 lag stilte i jenteklassen og 19 i gute-/ miksklassen.

Me skal liggje i hardtrening til neste år, og reknar med å nå medaljeplass då!

Irene.jpg

LEKSEHJELP PÅ Kvam kristne skule

Alle på 5. - 10. trinn får vere med på leksehjelp på skulen. Det er lærarar som står for hjelpa, tre dagar i veka frå klokka 1415-1545.

Frå hausten planlegg me å leggje inn leksetid for alle i løpet av skuledagen, slik at dei fleste er ferdige med det meste av leksa før dei reiser heim. Me vil bruke lærarane som leksehjelper då og.

FJØSSTELL, KALVEFØDSEL OG EGGEPRODUKSJON

Klappe kyr.jpg eggeproduksjon1.jpg

Fredag før vinterferien hadde me eit flott gardsdagsbesøk hos Jan Roy og Kari Britt Eide i Tørvikbygd. Me fekk vere med på fjøsstell med blant anna mjølking og fóring. Det største denne dagen for dei fleste var å vere med på kalvefødsel. Ei ku var 8 dagar på overtid, og fødde ein stor kalv medan heile KKS var vitne. Du kan sjå og lese meir om gardsbesøket om du går inn på denne lenka.

KKS_ute_1.jpg

Me kosar oss i snøen! Kaldt, men godt!

Det er ein lang og god akebakke som elevane kosar seg i. Seinare i vinter skal me ha meir snøaktivitetar, skidag på Kvamskogen og Sjusete, og skiøkter i gymtimane for dei store på Sjusete. Sjå fleire vinterbilete ved å klikke på denne lenka.

Har du lyst å prøve KKS?

- kontakt rektor for meir informasjon

Snødag 003.jpg

Snødag 2. februar 007.jpg

Snødag 2. februar 005.jpg

Kvam Kristne Skule leiger no heile Dalatun til skulelokale. Hausten 09 fekk me og leige barnehagelokala som Steinsdalen barnehage hadde. Her har me pussa opp og innreia med nytt, stort klasserom for dei minste, mediatek og formingsrom samt kontor for rektor og lærarane. I tillegg disponerer me heile utearealet rundt Dalatun - her er gode leikeforhold både for store og små.

Dersom du kunne tenkja deg å sjå korleis me har det, er du hjarteleg velkomen innom ein tur. Me inviterer alle som vil på prøveskule, ein dag eller fleire. Kontakt rektor Brit Gjerde Voster på tlf. 906 00 946 eller e-post: britgjerdev@hotmail.com













Kvam Kristne Skule
Dalatunveien 136
5600 Norheimsund

Telefon: 56 56 46 50
E-post: post@kks.as

Rektor: Brit Gjerde Voster
Mobil: 906 00 946