NYE LÆRARAR HAUSTEN 2009
Ny rektor
kks.as, sist
oppdatert 24.07.09
Brit Gjerde Voster
(41) er tilsett i vikariat som rektor ved KKS frå 01.08.09.
Brit, opprinneleg frå Bømlo og no busett i Norheimsund, har lang og
breid erfaring frå arbeid i kristne friskular og har sidan 2001
jobba ved Danielsen Vidaregåande skule, dei siste 4 åra som
inspektør. Brit har si utdanning frå SLHK, Statens Lærarhøgskule
Handel og Kontor, innanfor økonomi, administrasjon og
marknadsføring/salg samt grunnfag i norsk.
Brit er gift med Harald Voster og saman har dei eitt barn.
I tillegg er desse tilsett som lærarar frå 01.08.09:

Daniel Teigen (27) er tilsett som lærar i full stilling. Han er
adjunkt med tilleggsutdanning og har årseining i matematikk.
Daniel er opprinneleg frå Lebesby i Finnmark. Han er gift med Eli
Karin og dei har døtrene Rebekka og Hanna.

Vilhelm Gravdal (43) er tilsett som lærar i full stilling. Han har
utdanning frå Universitetet for miljø- og biovitenskap (tidlegare
Ås Landbrukshøgskole) med ulike realfag. Han har lang og breid
erfaring frå arbeid i kristen friskule. Sidan 1994 har han jobba
ved Kristen Vidaregåande Skule Lyngdal (KVS) som adjunkt og seinare
lektor.
Vilhelm er frå Gravdal, og bur no i Tørvikbygd saman med kona Tove
Merete og borna Marta Kjerstina, Gjert Ivar, Carl Æneas og Dina
Malena.
![]() |
Ågot Lavik (37) frå Eksingedalen er tilsett som lærar i kunst og handverk og mat & helse. I tillegg skal ho vere assistent for ein elev. Ho er utdanna bioingeniør og har ekstrautdanning i ernæring. Tidlegare har ho jobba ved Haukeland Universitetssjukehus. |
Sjå ellers liste
over alle tilsette under linken for "TILSETTE" øvst på sida.


