GARDSBESØK I TØRVIKBYGD

Jan Roy og Kari Britt Eide har eit stort og fint gardsbruk i Tørvikbygd. Me var heldige og fekk koma med heile elevflokken og alle lærarane på dagsbesøk. Først var det ein runde i fjosen for å helse på kyrne og hjelpe litt til med mjølking og foring.

Ei av kyrne skulle ha kalva for åtte dagar sidan, men var grei og venta slik at me kunne få sjå på. Det var flott å vere med på, sjølv om enkelte av elevane syntest det var ekkelt og ville ut.. Sidan kalven var stor, hjelpte Jan Roy til med å dra han ut.

Kalven på veg ut.jpg Kalven ute.jpg



Andre fjosbilete

Gardsbesøk i Tørvikbygd 006.jpg I fjoset.jpg
Mjølking.jpg Gardsbesøk i Tørvikbygd 001.jpg


I hønsehuset


I 2008 bygde dei eit stort og moderne klekkeri, der dei har plass til 5000-7000 høns. Kvar høne verper omtrent eitt egg i døgeret, så det er ein heil jobb å pakke egg kvar dag. Elevane fekk hjelpe til med dagens jobb, og det såg ut til at dei likte det...

eggeproduksjon1.jpg Eggeproduksjon4.jpg
Eggeprodusjon2.jpg Eggeproduksjon3.jpg