Arkiv
Nedanfor kan du lese arkivert stoff om og frå KKS. Øverst
til venstre frå 2008-2009 og 2009-2010.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Opningsfest ved KKS - 15.11.07
Etter ein hektisk dugnadsperiode med å få Dalatun godkjend som
skulelokale, var det tid for samlast i hyggjeleg lag på opningsfest
den 12. oktober for Kvam Kristne Skule.
Dalatun var denne kvelden omgjort til festlokale med småbord med kvite dukar, blomar og fin pådekking. Festkledde menneske strøymde til. Då formannen i KKS, Eivind Straumstein, entra talarstolen for å ønskja velkomen, kunne han sjå utover ei flott forsamling på 75-80 personar !
Det var folk frå bygdene i kommunen, langvegsfarande gjester frå
Jæren og Molde samt ordføraren og skulesjefen som representantar
frå Kvam herad.
Etter velkomst hadde styreformann Eivind Straumstein ei oppsummering av arbeidet med å starta Kvam Kristne Skule. Det var tilbakeblikk den spede byrjinga i 2002, godkjenninga og seinare "fryslova" i 2005 og til ny godkjenning og oppstart no i august. Det hadde vore både gleder og sorger undervegs, men i dag var det stor takksemd for at me hatt fått KKS. Les meir ...
Bildeglimt frå opningsfesten for KKS den 12. oktober

Fyrste skuledag ved Kvam Kristne Skule
kks.as, 23.08.07
Kvam Kristne Skule (KKS) kunne tysdag 21. august ynskja elleve spente elevar velkomen til sin aller første skuledag på den nye skulen, medan ytterlegare to elevar startar ved KKS om to-tre veker.
I tillegg til elevar og lærarar, var fleire foreldre og vener av skulen møtt fram for å ta del i denne høgtidsstunda på denne historiske dagen.
Rektor Øyvind Fonn ønskte velkomen og tykte det var imponerande
at skulen kunne koma i drift berre 18 dagar etter at den fekk
godkjenninga. Han meinte at det måtte vel vera rekord. Les meir
..
.
REKTOR TILSETT VED KVAM KRISTNE SKULE
(KKS)
kks.as, 08.08.07
Øyvind Fonn (41), opphaveleg frå Fana ved Bergen, er tilsett som
rektor ved KKS. Han er utdanna ved lærarhøgskulen i Bergen, og han
har brei pedagogisk erfaring både frå offentleg skule og frå
friskule-samanheng, både som lærar og som rektor ved fleire skular.
I tillegg har han vore leiar for ein leirskule i ein periode.
Fagleg har han vidareutdanning i norsk og eit relativt nytt fag som
heiter teknologi og design. Dette er eit nytt fagområde i naturfag,
med fokus på at elevane skal utvikle produkt der design og
teknologi utgjer eit viktig samspel.
Øyvind var mellom anna rektor ved oppstarten av
Indremisjonsforbundet sin ungdomsskule Romsdal Ungdomsskule i
Molde. Han hadde også ansvar for Misjonssambandet sin leirskule på
Søvasslia Ungdomssenter i Sør-Trøndelag, der ein hadde sterk fokus
på natur og friluftsliv. Han har også i ein periode vore
ungdomssekretær i Nordmøre krins av Misjonssambandet. Øyvind Fonn
er gift med Margareth og saman har dei 6 born. Øyvind vil leia den
vidare prosessen med tilsetjing av lærarar ved KKS.
KKS tek form
kks.as, 08.08.07
Til tross for den korte fristen med å koma i gang med skule frå
hausten av, er KKS i rute så langt. KKS er takksame til
administrasjonen ved Kvam herad og formannskapet som på kort varsel
innvilga oss løyve til å ta Dalatun i bruk til skule. No er altså
rektor tilsett og fleire elevar er allereie påmelde. Planlagt
skulestart er tysdag 21. august.
KKS jobbar for fullt med å få på plass skulemateriell som t.d. pultar, tavler, PC'ar osv... Dersom bedrifter eller privatpersonar har utstyr som dei trur skulen kan nytte, er det fint om dei tek kontakt med KKS.
Dalatun ligg nær skogen, og ei av sidene ved undervisninga ein
gjerne vil ha som eit satsingsområde, er «friluftsliv og uteskule»
som er vorte eit omgrep i skulen, der ein trekkjer undervisninga ut
frå skulestova slik at borna får oppleve naturen på ein positiv
måte. Foreldremedverknad i skulen vil ein leggje spesielt vekt
på.
Les heile pressemeldinga ...
"Syv av åtte privatskoler fikk nei"
Syv av åtte søknader om oppstart skoleåret 2007/2008 fikk blankt
avslag kun tre uker før skolestart.
Sakset var Dagen, 08.08.07 Av MARTIN DRANGE,
Rektor for Øvre Vats friskole i Vindafjord, Jørgen Landa, er sjokkert over avslaget.
- Jeg hadde slett ikke ventet et avslag. En skole som ble opprettet på 1860-tallet ble lagt ned i 2004. Vi har elevgrunnlag til å opprette en privatdrevet grendeskole fra 1. til 10.trinn her, sier Landa til VG. Hun har klaget inn avgjørelsen for departementet. Utdanningsdirektoratet viser til den nylig vedtattte privatskoleloven, som setter sterke begrensninger for godkjenning av nye privatskoler.
- I Øvre Vats tilfelle hadde ikke skolen et tilstrekkelig alternativt pedagogisk opplegg, mener områdedirektør Erik Bollestad Pettersen.
Følgende skoler som fikk avslag på sine søknader utenom Øvre Vats, er Akademiet vdg skoler i Tromsø og Trondheim, Harstad Montessoriskole, Norges Toppidrettsgymnas i Bergen og Tromsø, og muslimske urtehagen grunnskole i Oslo. Kun Kvam Kristne skule i Hordaland fikk godkjent sin søknad.
Kvam Kristne Skule godkjend! 03.08.07
I dag fekk me endeleg den etterlengta telefonen frå
Utdanningsdirektoratet med meldinga: - Kvam Kristne Skule(KKS) er
no godkjend. Etter 5 års arbeid med denne saka, er me svært glade
for å kunne seie at me no planlegg oppstart av KKS innan par vekers
tid.
Skulen vert lokalisert i Dalatun i Steinsdalen, i fine og tenlege lokalitetar. Me arbeider med å få på plass rektor og andre lærekrefter, og innan kort tid vil dette vere på plass. Har du ynskje om å søkje opptak ved skulen, ta kontakt med styreformann Eivind Straumstein tlf. 56 55 26 48 / 48 14 49 89 for nærare informasjon.
Status Kvam Kristne Skule 28.06.07
Det var med undring me kunne lese referatet frå stortingsdebatten
den 7. juni, då den nye privatskulelova vart vedteken. Me var ein
av dei skulane som var ramma av fryslova. Difor var det nok med
ekstra undring me las det som her stod. Frå før veit me at Djupedal
er ein som handlar raskt når ting skal skje, og slik var det også
denne gongen. Etter kort tid kom ei etterlengta melding opp i
innboksen i Outlook frå Direktoratet - at det igjen var høve til å
søkje om godkjenning for KKS.
Ynskjer du å vere støttespelar for KKS ?
(10.03.06)
Informasjon
med tilbakemeldingsskjema.
Kvam Kristne Skule(KKS) vurderer oppstart utan
statsstøtte( 07.03.06)
I endring til ny friskulelov opprettheld regjeringa sitt
udemokratiske framlegg om å stoppe alle friskular (med unntak av
grendaskulane) som ikkje var starta opp innan midten av desember
2005, sjølv om dei var godkjende. På bakgrunn av dette har styret
for KKS den 7. mars fatta vedtak om at KKS vil vurdere oppstart
utan statsstøtte frå hausten 2006. Les meir ...
ENDRING AV ORGANISASJONSFORM FOR KVAM KRISTNE SKULE(06.03.06)
Etter ei heilheitsvurdering har styret for Kvam Kristne Skule
vedteke å endra organisasjonsform.
Stiftinga Kvam Kristne Skule vert lagt ned og i staden er Foreninga
KKS Opplæring oppretta.
Sju grunnar for friskular
Leiaren i dagbladet Dagen 15.10.05, av redaktør Johannes
Kleppa
Dette er diposisjonen til talen han hadde på Friskulemøte torsdag
13.10.05 i Norheimsund Bedehus
Sjølv om frittståande skular utgjer ein svært liten del av den norske skulen, har det vore mykje debatt om desse skulane dei siste åra. Det viser at det som gjeld dei unge si oppseding og opplæring, er viktig og engasjerer. Det fundamentale spørsmålet er kven som skal ha ansvaret for og det siste ordet i borna si oppseding. Ut frå menneskerettane er det ikkje tvil om at det er foreldra. Likevel held venstresida energisk fast på at det er staten som skal ha hand om skulen. Motstanden mot friskular er intens, og har konsekvensar både for lovgjevinga og dei økonomiske støtteordningane. Difor gjeld det å føra kampen for friskulane på brei bront. Les meir ...
Kvam Kristne Skule godkjend
Av Sigbjørn Linga, saksa frå HF tysdag 14. juni 2005
Friskulen Kvam Kristne Skule (KKS) vart godkjend fredag. - I dag er alle problem gløymde, seier Eivind Straumstein.
Styreleiaren i stiftinga Kvam Kristne Skule fekk gladmeldinga frå Utdanningsdirektoratet fredag morgon. Kort tid etter var flagget heist i Tololia.
- Det har teke tid, men på ein slik dag er problema undervegs gløymd, seier Straumstein. Fredag ettermiddag samla han nokre av dei glade eldsjelene bak skulen til kakefeiring heime i Tolovegen. Les meir ...
GODKJEND ! 10.06.05
Kvam Kristne Skule (KKS) vart fredag 10.06.05 godkjend av Utdanningsdirektoratet ! Godkjenninga gjeld for inntil 100 elevar på grunnskuletrinnet (1.-10. klasse).
Skulen er tenkt lokalisert sentralt i Kvam herad/Norheimsund-området og vil starta opp hausten 2006. Skulen vil starta forhandlingar med heradet med tanke på å få kjøpa ledig offentleg skulebygg. Etter vedtak i heradsstyret mars 2005 om endring av skulestrukturen og tilhøyrande nedleggjing av fleire grendaskular, vil fleire skulebygningar etterkvart verta ledige for salg.

