Tilsette på KKS:
Ønskjer du å sende e-post til ein tilsett; skriv fornamn.etternamn@kks.as|
|
Solveig Buvarp Nyborg; frå Heradstveit i Tørvikbygd, skal arbeide som spesialpedagog på KKS nokre dagar i veka. |
|
|
Lovise Arild, opprinneleg frå Alta, men no busett i Bergen, fortset i fast stilling etter vikariatet frå i fjor. Ho er utdanna adjunkt frå Bergen og skal undervise i mange ulike fag på KKS. |
|
Anne-Lise Kristensen frå Vikøy i Norheimsund er tilsett som assistent og lærar. Ho har lang erfaring frå misjonsarbeid i Republikken Kongo, både som husmor på misjonssenter, i undervisning og i språkarbeid. Ho har vore heime med eigne born i fleire år. I Noreg har ho arbeidserfaring frå kontor og skuleinternat, som tolk for fransktalande asylsøkjarar og dei siste åra som kundevegleiar i Opplysningen 1881. |
|
|
Vidar Grindheim kjem frå Vikøy i Norheimsund. Han har brei erfaring frå næringslivet og er no sjølvstendig næringsdrivande der han m.a. arbeider med opplæring innanfor ulike sertifiseringar for truck og kranutstyr. Han underviser i engelsk, utdanningsval, kroppsøving og elevrådsarbeid på KKS. |
|
|
Vivita Zaurina kjem frå Latvia. Ho er utdanna spesialpedagog frå Latvia og underviser i tillegg i latvisk som morsmål og har dei minste i kroppsøving. Ho er også assistent ved KKS. |
||
|
|
Brit Gjerde Voster er rektor ved KKS. Ho er frå Bømlo, og er no busett i Norheimsund. Brit har lang og breid erfaring frå arbeid i kristne friskular og har sidan 2001 jobba ved Danielsen Vidaregåande skule, dei siste 4 åra som inspektør. Ho har si utdanning frå SLHK, Statens Lærarhøgskule i Handels- og kontorfag, innanfor økonomi, administrasjon og marknadsføring/salg samt grunnfag i norsk. Rektor brukar e-postadressa: post@kks.as |
|
|
Daniel Teigen er opprinneleg frå Lebesby i Finnmark, men no busett i Norheimsund. Han er lærarutdanna frå Høgskolen i Vestfold. Han er adjunkt med tilleggsutdanning og har årseining i matematikk. |
||
|
|
Vilhelm Gravdal er tilsett som lærar i full stilling. Han har utdanning frå Universitetet for miljø- og biovitenskap (tidlegare Ås Landbrukshøgskole) med ulike realfag. Han har lang og brei erfaring frå arbeid i kristen friskule. Sidan 1994 har han jobba ved Kristen Vidaregåande Skule Lyngdal (KVS) som adjunkt og seinare lektor. |
|
| fdsdfsdfsdffdsaa
aaaaiiiii |

