Informasjon
Klikk her og les brosjyren vår!
Kva er Kvam Kristne Skule (KKS) ?
Kvam Kristne Skule vart etablert 24.09.02 med siktemål å starte ein privat grunnskule i Norheimsund-området i Kvam herad. Skulen vart godkjend 3. august 2007.
Oppstart av skulen ?
KKS starta opp tysdag 21. august 2007.
Kven kan gå på skulen ?
Skulen skal vera open for alle elevar på grunnskuletrinnet.
Godkjente læreplanar som avviker frå dei offentlege
læreplanane;
kristendomskunnskap.pdf
Elles viser me til læreplanane for Kunnskapsløftet; læreplanar
Kor mange klassar er det på skulen?
Dette avheng av antal elevar, men det er ein fådelt skule. 1.-4. klasse er mykje i lag, 5.-7. og 8.-10.klasse. Oppdelinga kan variere frå år til år, alt etter kor mange elevar det er på kvart trinn.
Me trur at ein mindre skule vil skape ein god og positiv kontakt elevane imellom og mellom den enkelte elev og lærarane, og me ynskjer å ha fokus på trivselen til den enkelte elev. Ein skule som dette er også avhengig av nær og tett kontakt med foreldra - noko som også vil vera positivt for skulemiljøet.
Kvar held skulen til ?
Skulen held f.t. til i Dalatun i Steinsdalen, men kjem truleg til å starte i eige skulebygg frå hausten 2012.
Er det eigenbetaling ?
Skulen får statsstøtte, men elevane må betale skulepengar. Eit
barn kr 830 pr månad i 10 månader. To barn kroner 1245, tre eller
fleire kroner 1660 pr månad.
Kvifor ynskjer vi KKS ?
Me ønskjer at skulen skal drivast ut frå eit kristent livsgrunnlag.I tillegg vil me leggje vinn på å skape eit godt, variert og spanande læremiljø.
Den tilliten som skulen får ved at foreldra sender borna sine hit, ynskjer vi å ta vare på. Som ein kristen skule ynskjer vi å:
- Gje god kristendomsopplæring og solid allmennkunnskap
- Utvikle den einskilde eleven sine evner og anlegg
- Gje borna haldningar, dugleik og kunnskap til å gjere ein medmenneskeleg og nyttig innsats i samfunnet
- Skape eit trygt miljø for borna
- Gje ei fagleg god undervisning gjennom dyktige og motiverte lærarar

