Byrje på KKS?
Kvam kristne skule treng fleire elevar, og tek gjerne i mot nye.
Ta kontakt med rektor for meir informasjon.
Alle i grunnskulepliktig alder kan velje ein privatskule. Skulen
får dekt 85 % av driftskostnadane av staten, dei resterande
kostnadene får ein dekka inn delvis gjennom skulepengar. Frå og med
skuleåret 2012-2013 betaler ein kroner 870 pr månad i 10 månadar
for eitt barn. Halv pris for barn nr to og tre, gratis frå og med
nr fire. Ved ein vanskeleg økonomisk situasjon, kan ein søkje om
fritak for skulepengar.
Ein kan når som helst i skuleåret kome på "prøveskule" ein dag eller fleire. Ta kontakt med rektor. Hugs og å søkje fri frå skulen ein går på.
Ein prøvedag eller fleire er heilt uforpliktande og ein treng ikkje forsvare kvifor ein eventuelt ikkje vil skifte skule. Ønskjer ein skulebyte, sender rektor flyttemelding til skulen eleven flyttar frå og andre nødvendige instansar.
Om du klikkar på lenka under, kan du lese brosjyren vår.
![]() |
WEB_Brosjyre_KKS_versj_ORGINAL_hausten_2011versjon_ORGINAL.pdf (1 212kb - 2,5 min at 64K ISDN) |


